Bøyaøyri naturreservat
STARTSIDE
ELVEDELTAET
VERNEREGLAR
FUGLELIVET
BILETGALLERI
english
deutsch
Vernereglar

Av reglane som gjeld for naturreservatet bør ein merkje seg følgjande:

  • All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
  • Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetjing av vilt er ulovleg.
  • Tiltak som endrar dei naturgjevne tilhøva er forbode. Det gjeld t.d. oppføring av bygningar og faste innretningar, opplag av båtar, lagring av campingvogner, framføring av nye leidningar, vegbygging, tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, eller ureining, tøming av boss eller bruk av kjemiske middel.
  • Camping, telting og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
  • Motorisert ferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m er forbode. Dette gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.
  • All ferdsel i reservatet er forbode i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august.