Bøyaøyri naturreservat
STARTSIDE ELVEDELTAET VERNEREGLAR FUGLELIVET BILETGALLERI
Elvedeltaet
På Bøyaøyri blir ferskvatn frå elva blanda med saltvatn frå fjorden. Slike brakkvassdelta er blant dei biologisk mest høgproduktive områda i Noreg.
Elvedelta er ein sterkt truga naturtype. I Noreg utgjer dei små, men svært viktige areal. Dei er m.a. raste- og næringsområde for trekkfugl, og kan huse mange særeigne plantesamfunn. Deltaområde er svært utsette for inngrep og endringar, då dei ofte ligg i tilknyting til tettstader og er lette å ta i bruk til ulike byggje- og næringsføremål. I mange fjordarmar på Vestlandet har elvedelta blitt utbygde eller dyrka opp, og verdien som naturområde og som leveområde for dyr og plantar har meir og mindre gått tapt.
På Bøyaøyri er mange av dei opphavlege formene, gamle elveløp og kilar, framleis intakt. Men etter at sjølve elva blei forbygd, og vatnet med det blir leidd unna den gamle deltaflata, er deltaet ikkje aktivt lenger. Elva legg i dag opp avsetningar lenger ute, noko som i framtida vil danne grunnlag for nye deltaformer.
Flyfoto som viser delta si utbreiing og form. Grensa for naturreservatet er merka med raud, stipla linje (© Fotonor).